Foldrøy Aktivitetspark

Foldrøy Aktivitetspark

Ideen om ein aktivitetspark på Foldrøy starta ved at tidlegare rådmann vart invitert av rektor til Foldrøy skule for å sjå på uteområdet. Elevane hadde lite å aktivisere seg med og rådmannen meinte at her må me tenka større. Han tipsa om å sjå mot Rubbestadneset og måten dei hadde organisert seg der.

Rektor engasjerte FAU som tok tankane og visjonen om å samle bygda om ein aktivitetspark vidare. I 2020 sette me saman eit styre med representantar frå lag og organisasjonar på Foldrøy. Målet er å saman skapa meir liv i bygda, med gode områder for både fysisk aktivitet og sosial samankomstar.

Me ligg sentralt til på Bømlo og her er ein attraktiv stad å busetja seg. Me har no mogelegheit til å gjera noko samlande for alle.

Tanken er at aktivitetsparken skal ha eit aktivitetstilbod som famnar om alle aldrar og bidrar til både fysisk og mental folkehelse.

Samarbeidspartnarar

Foldrøy Aktivitetspark er eit samarbeid mellom alle lag og organisasjonar i bygda:

Kontakt oss: aktivitetspark@foldroy.no

Trykk her for presentasjon

Prosjekttrinn

Her er ei skisse over planane våre. Nokre av trinna er allereie gjennomført.

Trinn 1: Petanque-banar (2021) - gjennomført
Trinn 2: Leikeapparat og utstyr
Trinn 3: Uteområde og møteplassar
Trinn 4: Tilrettelegging for fleire aktivitetar

Styret

Styret for 2025 består av:

Våre gode sponsorar

Me er svært takksame for all stønad til prosjektet frå Sparebanken Vest, Vestland fylkeskommune, LM og andre lokale sponsorar.