Stadsnamn på Foldrøy
For ca. 30 år sidan var det ein del personar på Bremnes som samla inn og registrerte stadsnamn i forskjellige bygder rundt om i gamle Bremnes kommune. Informasjonen vart manuelt registrert på gamle økonomiske kommunekart og på handskrivne lister. Dette blei så levert til kulturkontoret i kommunen og har sidan den gong lege i nokre skuffer.
Dette er no teke fram att og fleire personar har starta med å registrere materialet elektronisk. Det er Bremnes Sogelag som eig prosjektet, og Terje Anthun har teke på seg arbeidet med å samle inn og registrere namn for Foldrøy-området.
Under finn du åtte PDF-ar som inneheld informasjon om stadsnamn på Foldrøy:
- Informasjon om arbeidet med stadsnamninnhenting
- Kart Foldrøy
- Liste Foldrøy
- Kart Holmen
- Kart rundt Holmen
- Liste Holmen
- Baståsen
- Kompassrosa på Høgestølen
Desse PDF-ene krev ein PDF-lesar for å opnast.