Støtt oss
Foldrøy Grendautval og Foldrøy Speidarlag er avhengige av frivillig innsats og økonomisk støtte for å halde aktivitetane i gang. Her kan du lese om korleis du kan bidra.
Medlemskap i Grendautvalet
Som medlem støttar du drifta av Grendahuskjellaren, aktivitetar for born og vaksne, og vedlikehald av turløyper og leikeplassar. I tillegg får du rabatt på leige av lokale til private arrangement.
Kontakt kasserar for innmelding: post@foldroy.no
Grasrotandelen
Grasrotandelen er en enkel måte å støtte laget på. Spele på Norsk Tipping og velg Foldrøy Grendautval eller Foldrøy Speidarlag som mottakar. Da går 5 % av innsatsen din direkte til laget – utan at det kostar deg noko ekstra.
Slik gjer du: Logg inn på Norsk Tipping, gå til Grasrotandelen og søk opp laget du vil støtte.
Kva støtta går til
- Drift og vedlikehald av Grendahuskjellaren
- Administrasjon av skulebygget
- Aktivitetar for born og unge (speidar, idrett, ungdomsklubb)
- Drift og vedlikehald av turløyper og leikeplassar
- Arrangement som 17. mai, Foldrøydagen, sankthansaften og bygdefestar
- Politisk arbeid og media
- Samarbeid med kommunen
- Informasjonskanalar (Facebook gruppe og nettstad)
Takk for at du støttar bygda vår!