Nærmiljø og aktivitetstilbod

I lista under ser du nokre av tilboda Foldrøy har å by på.

Tennisbane

Tennisbane / skeisebane

I Skogalivegen er det tennisbane. Denne er open mellom 09.00-21.00 kvar dag heile året. Her kan ein spele tennis med flott sjøutsikt. Om vinteren har engasjerte naboar laga skeiseis på banen. Veldig kjekt for store og små!

Petanque-banar

Petanque-banar

På skuleplassen ved Foldrøy skule så finn du to petanque-banar. Dei var nye i 2021, og bygd som fyrste steg av Foldrøy Aktivitetspark.

Foldrøy har eigen petanque-klubb der alle er velkomne. Meld deg inn i Facebook-gruppa for meir informasjon: Foldrøy Petanqueklubb

Badeplass

Badeplass

Ved Foldrøyvatnet har sambygdingane laga til eit herleg badeanlegg med brygge, to stupetårn og sandstrand.

Fleirbrukshall

Fleirbrukshall

Hallen var ny i 2004 og er ein integrert del av Foldrøy skule. Hallen er eigd av Bømlo kommune. På dagtid vert hallen brukt av skulen, men kveldar og helger er den i bruk til andre aktivitetar/trening som DU kan bli med på:

Sjå aktivitetskalender her

Grendahuskjellaren

Grendahuskjellaren

Grendahuskjellaren ligg i kjellaren på Foldrøy skule med eigen inngong på nedsida. Lokalet er nyoppussa med kjøken, 100" TV og proff lyd m/mikrofon, og kan leigast til ulike arrangement.

Ta kontakt med Robert Hegelstad på 93232869.

Kalender med aktivitetar/ledige datoar

Sjå meir om utleige av Grendahuskjellaren

Siggjarvåg båtlag

Siggjarvåg båtlag

Om lag 2 min køyring frå Foldrøy ligg flotte Siggjarvågen. Her er det ei naturleg lun hamn der båtane er godt beskytta frå vêr og vind.

Ta kontakt med Kjetil Hodne for å høyre om det er ledig plass til din båt: kjetil.hodne@haugnett.no

Foldrøy Speidaren

Speidar

Foldrøy Speidarlag starta i 2019. I 2023 var dei 21 born i barneskulealder + 4 leiarar. Eventyra er der ute! Speidar er venskap, opplevingar, samarbeid og friluftsliv. Som speidar kan du vere med på alt frå korte turar og leik i nærområde, til matlaging på bål og spikking.

Kontakt gruppeleiar Sigurd Barane for meir informasjon.

Leikeplassar

Leikeplassar

På Foldrøy har me fleire leikeplassar spreidd rundt om kring i bygda: Gjerdsåsvegen, Skogalivegen, Ørevikvegen, skuleplassen og ved SFO-bygget «Huset».

Den største (forutan skuleplassen) ligg i Gjerdsåsen og er flott opparbeidd av naboane rundt. Ein kjekk samlingsplass for store og små. Der finn du også ein gapahuk bygd i 2020.