Historie
Tekst av Jan Willy Folgerø-Holm og Sissel Høisæter
Steinalderen
Steinalderfunna viser at det har vore stor aktivitet i og rundt det som me i dag kallar Foldrøyvatnet. Det er nærmast delt i to og har difor to namn, Hamnavatnet og Bakkavatnet. I steinalderen var dette salt sjø, og me kan tenka oss kor fin og skjerma denne «laguna» har vore med det smale innløpet i Foldrøyhamn.
Foldrøyskipet
Sumaren 1958 blei det oppdaga noko som kunne vera eit skipsvrak rett utanfor kaia i Foldrøyhamn. Det vart dykka etter materiale som kunne tidfesta vraket. Truleg var skipet eit fraktefartøy frå tidleg 1440-talet. I 1965 blei vraket teke opp og rekonstruert så langt det var mogeleg, og ein har komme fram til at skipet må ha vore om lag 20-22 m langt (ca. 70 fot) og 6 m breitt. Restane ligg på Sjøfartsmuseet i Bergen.
Handelsstaden
Også Foldrøyhamn har ei lang historie. Det har vore bustnad i Foldrøyhamn sidan 1645. Bruket heitte då Under-Flatens. Sidan den gongen har det vore 22 eigarar, fem av dei i nyare tid (frå 1900). Det var sannsynlegvis ein Heinrich Jochumsson Piil (eigar nr. 5) som fyrst hadde gjestgjevari der. Dette var ei verksemd dei fleste eigarane seinare førde vidare, men Fredrik Julius Wennech (eigar nr. 14) var truleg den siste som dreiv som gjestgjevar til han selde i 1879.
Der har vore butikk, bakeri, sildesalteri, røykeri, dampskipsekspedisjon og postkontor. I 1943 var det dramatikk då den store sjøbua brann. Ein måtte då konsentrera seg om å berga dei andre husa, noko som dei greidde på uforklårleg vis.
Kommunikasjon og post
I 1877 vert det oppretta Follerøen postkontor. Det var samanhengande i drift til 31.12.1994. Om lag samstundes vart det dampskipsstogg der, 35 år før det var fast stogg i Rubbestadneset. Også denne dampskipstoggen var samanhengande til utpå 1980-talet.
Foldrøyholmen
Også Foldrøyholmen har hatt ein interessant historie og mange eigarar, heile 18 fram til 1963 då Holmen vart fråflytta. Den fyrste som busette seg der var Christen Jørgensson Arilds. Han skal ha komme dit rundt 1707. Han var tollvisitør, denne verksemda hadde dei ulike eigarane heilt fram til 1800 då tollstasjonen var flytta til Mosterhamn. Holmen vart av den grunn også kalla Visterholmen.
I 1863 kjøpte Jakob Nilsson Hovstad Holmen, og den har sidan vore i eiga til etterkommarane hans. I 1903 selde han Holmen til son sin, Jakob Folgerø-Holm (eigar nr. 16). «Jakob i Holmen» var steinhoggar og murar, og dreiv med kaibygging. Han dreiv også med hermetikk (krabbe), sildesalteri og røykeri.
Fyrklubben
Fyrklubben (mellom Sørvik og Habn) var skild ut og seld til Fyrvesenet frå dåverande eigar Magnus B. Magnusen i 1855. Fyrvesenet bygde ein fyr der med fyrvaktarbustad etc. Fyret blei erstatta av ei fyrlykt i 1887. Eigedommen blei seld til oppsitjarane vest i Bakken. Deler av fyrbygningane blei flytta og nytta til å byggja på bustadhuset der. Også Jarngrinda på snarvegen over Foldrøy kjem frå fyr-eigedommen.
Foldrøy skule
I 1989 skreiv Karl Bjørkelund om historia til Foldrøy skule fram til skriveåret. Les meir her:
PDF: Foldrøy skule fram til 1989
17. mai på Foldrøy: eit tilbakeblikk
Under korona-isolasjonen i 2020 fekk eg (Jan Willy Folgerø-Holm) den ideen at eg skulle prata med nokre eldre Foldrøyfolk om korleis ein feira 17. mai før. Dette var svært interessant, eg fekk mange småbitar av ein barndom og ungdom som for mange er ukjent. Dette gav meg eit bilete heilt attende til 1930. Dei femten tidsvitna var i såpass høg alder at det var på tide å intervjua dei.
Tidsvitna var:
- Jakob Folgerø-Holm (87)
- Nils Andreassen (85)
- Solveig Stokka (92) (f. Folgerø-Holm) Død
- Margot Ekornsæter (92) (f. Åsheim) Død
- Margrete Høisæter (90 f. Folgerø)
- Ivar Karlsen (90) Død
- Tormod Folgerø (86)
- Marta Eriksen (97) (f. Watne)
- Isak Solheim (87)
- Helga Haslebakke (85) (f. Karlsen)
- Aslaug Flateråker (97) (f. Bjørkelund)
- Borgny Sande (88) (f.Solhaug) Død
- Berly Frimannslund (90) (f.Vareberg) Død
- Øyvind Glittenberg (81)
- Leif Folgerø (91) Død
Den fyrste organiserte 17. mai på Foldrøy skal ha komme i stand etter initiativ frå Skipperen og Kjøpmannen Jakob Terkelsen. Han eigde Foldrøyhamn og dreiv butikken der i ein 8 års periode frå 1924 til 1932. Den fyrste samlinga var i bakken bak huset i Træ. Der var rigga med talarstol med bjørkeris og flagg.
Under krigen okkuperte tyskarane skulehuset som kaserne og dei etablerte eit vaktpunkt på Sletthaugen. Undervisninga vart flytta til Bedehuset. Under krigen var det fleire illegale 17. mai-feiringar i Baståsen.
Rubbestadneset musikklag har teke del i 17. mai-feiringa på Foldrøy sidan 1947. I mange år var det salutt når toget passerte Træ - tre kraftige skot frå dynamitt hengd oppi bjørker.
Karl Folgerø, Helmer Stølen, Lars i Dalen på 17. mai-feiring i 1981.
Foldrøyhamn 16. mai 2023. Jan Willy Folgerø-Holm