Foldrøy Montessoriskule
Ein stad for nyfikne born og store draumar. Foldrøy Montessoriskule blir ein stad der born får lære, utforske og vekse i sitt eige tempo, med trygge vaksne som vegleiarar.
Skulen opnar tidlegast hausten 2028
Søknad om godkjenning er sendt til Utdanningsdirektoratet. Rektor og lærarar er allereie i gang med Montessori-utdanning, slik at me kan gje borna eit solid og inspirerande læringsmiljø frå fyrste skuledag.
Om skulen
Me har søkt om godkjenning for inntil 50 elevar frå 1.–7. trinn. Skulen blir organisert som ein to-delt montessoriskule, der born lærer saman på tvers av alderstrinn.
På Foldrøy ligg skulebygget med sjøutsikt frå alle klasserom – ein stad der natur, meistring og fellesskap går hand i hand.
Skulebygget vil innehalde
- Lyse læringsrom med sjøutsikt
- Eige skulekjøkken
- Felles lunsjområde
- Gymsal
- Store uteområde for leik og læring
Kvifor velje Foldrøy Montessoriskule?
Foldrøy Montessoriskule gir born tid, rom og ro til å fordjupe seg, utforske og lære på eigne premiss.
- Læring i små grupper – tett oppfølging der lærarane har god tid til kvart barn
- Sjølvstendig arbeid – borna får arbeide sjølvstendig og utforske eigne interesser
- Ansvar og samarbeid – ansvarskjensle og samarbeidsevner gjennom praktiske aktivitetar
- Læring på tvers av alder – eldre born blir førebilete for yngre
- Naturen som klasserom – utforsking og læring i nærmiljøet
- Leksefri skule – arbeidet vert gjort i trygge, strukturerte økter på skulen
Skulekvardagen vår
Foldrøy Montessoriskule vil vere ein leksefri skule. Elevane skal få gjort arbeidet sitt i løpet av skuledagen, i trygge og strukturert tilrettelagde økter.
Ein vanleg dag kan sjå slik ut
(dette er ikkje fastsett enda)
- 0800–0815 – Leksehjelpsmorgon
- 0815–1115 – Fyrste arbeidsøkt (inkludert frukt/grønt)
- 1115–1145 – Lunsj
- 1145–1245 – Utetid
- 1245–1445 – Andre arbeidsøkt (f.eks. kroppsøving, symjing og skulekor er lagt til sisteøkta)
NB! Fredag er elevane ferdige kl. 13.00, og det er kortare utetid denne dagen.
Om Montessori
Montessoripedagogikken er ein internasjonalt anerkjend pedagogisk retning utvikla av den italienske legen og pedagogen Maria Montessori (1870–1952). Ho baserte metoden sin på grundige observasjonar av barn og ei overtyding om at alle barn har ein naturleg trong til å lære.
Hovudprinsipp i Montessoripedagogikken
- Bornet i sentrum: Læringa tek utgangspunkt i barnet sine interesser, utviklingsnivå og indre motivasjon.
- Fridom under ansvar: Barna får reell valfridom innanfor klare rammer og struktur.
- Tilrettelagt miljø: Klasserommet er nøye planlagt med konkrete materiell og arbeidsstasjonar som stimulerer til utforsking.
- Aldersblanding: Barna lærer i aldersblanda grupper, noko som gir moglegheit for samarbeid, rollemodellar og sosial læring.
- Læraren som vegleiar: Læraren observerer, rettleiar og støttar barnet i si eiga utvikling – i staden for å vere ein tradisjonell formidlar.
Korleis skil Montessori seg frå meir tradisjonell undervisning?
Montessoriskular bruker dei same læreplanane og dekker dei same faga som andre skular, men metodane er annleis.
Tradisjonell skule
- Læraren underviser heile klassen
- Alle gjer det same samtidig
- Læring gjennom bøker og tavle
- Skuledagen delt i korte økter
- Aldersinndelte klassar
Montessoriskule
- Individuell vegleiing
- Barnet vel sjølv rekkefølge
- Konkrete læremiddel og erfaringar
- Lange arbeidsøkter
- Aldersblanda grupper
Forskning og Montessori
Det finst ei rekke studiar som støttar nytteverdien av Montessoripedagogikk, mellom anna med omsyn til konsentrasjon og fordjuping, sosial kompetanse og empati, sjølvstende og ansvarskjensle, og indre motivasjon og livslang lærelyst.
Samtidig peikar forskarar på at kvaliteten på tilrettelegging og gjennomføring er avgjerande – noko me i Foldrøy Montessoriskule tek på alvor.
Montessori i Noreg
Montessoripedagogikken er godkjend som alternativ pedagogisk retning etter privatskulelova. Det finst no over 80 Montessoriskular i Noreg, og fleire barnehagar. Desse er knytt saman gjennom Montessoriforbundet, som også godkjenner planverk og tilbyr rettleiing.
Kven står bak
Foldrøy Montessoriskule AS er etablert av Foldrøy Grendautval, med mål om å vidareføre skuletradisjonen i bygda gjennom eit framtidsretta tilbod for born og familiar på Bømlo og omegn.
Styret består av
- Roy Arne Fylkesnes (styreleiar)
- Ingunn Elise Sørvik (styremedlem og dagleg leiar)
- Linn Iren Størkson Hidle (styremedlem)
- Nils Ragnar Vika (styremedlem)
- Elisabeth Gjøsæther Løkling (styremedlem)
- Per Arnt Hope (styremedlem)
- Marita Koldal Stølen (styremedlem)
Styret representerer brei erfaring frå ulike felt som organisasjonsarbeid, administrasjon, samfunnsutvikling og arbeid med born og unge. Målet vårt er å etablere ein skule som er solid forankra i lokalsamfunnet og som gir elevane eit inspirerande og tilrettelagt læringsmiljø.
Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg
Skulen sine dokument
På denne sida finn du viktige dokument som fortel meir om korleis skulen vår er organisert, og kva som gjeld for elevar og føresette.
Spørsmål og svar
Når kan ein søkje plass?
Det er ikkje mogleg å søkje skuleplass før Foldrøy Montessoriskule har fått endeleg godkjenning frå Utdanningsdirektoratet. Oppstart er tidlegast hausten 2028. Så snart skulen er godkjend, vil me opne for søknad. Sjå inntaksreglement for korleis me prioriterer søknadar.
Kan ein vise interesse no?
Ja! Me vil gjerne komme i kontakt med føresette som vurderer Foldrøy Montessoriskule for barnet sitt. Ta kontakt dersom du har spørsmål – det forpliktar ikkje til søknad, men hjelper oss å få oversikt over interessa.
Kva kostar det å gå på Foldrøy Montessoriskule?
Foldrøy Montessoriskule vil vere ein gratis grunnskule for elevane. Som friskule får skulen offentleg tilskot og driv ikkje med skulepengar. Me ser føre oss ein gitt sum til mat per månad, frukt og drikke per månad (elevane får og lagar lunsj sjølv på skulen).
Er det krav om at barnet må ha gått i Montessori-barnehage?
Nei, absolutt ikkje. Alle born er velkomne, uavhengig av kva barnehagetilbod dei har hatt. Dei første vekene vil me bruke god tid på å bli kjende og introdusere elevane for metodane og rytmen i kvardagen.
Korleis er skulen organisert?
Foldrøy Montessoriskule vil vere ein to-delt montessoriskule. Elevar frå ulike årssteg blir organiserte i større aldersblanda grupper – til dømes 1.–4. og 5.–7. klasse samla. Dette gir barna høve til å lære med og av kvarandre.
Kva skil Foldrøy Montessoriskule frå ein vanleg grunnskule?
Hovudskilnaden ligg i pedagogikken og organiseringa. Me legg stor vekt på at borna får arbeide i sitt eige tempo, at arbeidsøktene er lange og uforstyrra, at born får utforske praktiske og teoretiske emne side om side, og at læraren er ein vegleiar – ikkje ein som står framme og underviser heile gruppa. Samstundes følgjer me krav i læreplanverket og gir ei fullverdig grunnskuleutdanning.
Har de lekser?
Nei. Foldrøy Montessoriskule vil vere ein leksefri skule. Me ønskjer at ettermiddagane skal vere frie til kvile, leik og familietid.
Har de SFO?
Dette er ikkje avklart enno. Me informerer når det blir klart.
Korleis vert det med skuleskyss?
Elevar ved privatskuler har same rett til skuleskyss som ved offentleg skule.
Kontakt
E-post: skule@foldroy.no
Mobil: 92 85 34 79
Postadresse:
Foldrøy Montessoriskule
c/o Roy Arne Fylkesnes
Hamnavegen 88
5428 Foldrøyhamn
Org.nr. 934817443