Bygdebar på Foldrøy
Bygdebar er ein sosial møteplass på Foldrøy for alle aldrar. I Grendahuskjellaren møter du kjekke folk til jamleg bygdepub med biljard, PlayStation og god stemning.
MERK: Baren har ikkje utsal, ein må sjølv ta med det ein vil ete og drikke. Av omsyn til skjenkelova er arrangementet berre ope for inviterte medlemmer, typisk medlemmer av grendautvalet og ikkje-medlemmer som har fått ein særskilt invitasjon.