Bygdemuseum på Foldrøy

Foldrøy har ei rik lokalhistorie med funn frå steinalderen, det verdfulle Foldrøyskipet og mange kulturminne frå handels- og fisketida. Me arbeider med å samla og presentera meir av dette for bygda og tilreisande.

Kulturminne i bygda

Steinalderfunna rundt Foldrøyvatnet viser at det har vore stor aktivitet her i tusenvis av år. Foldrøyhamn var ein viktig handelsstad med butikk, bakeri, sildesalteri og postkontor – og rett utanfor kaia låg vraket som no er kjent som Foldrøyskipet frå 1440-talet.

Restane av skipet ligg på Sjøfartsmuseet i Bergen, men historia er tett knytt til Foldrøy. Les meir om skipet, handelsstaden og krigstida på historiesida.

Stadsnamn og lokalhistorie

Bremnes Sogelag har samla inn stadsnamn frå Foldrøy. Desse finn du som kart og PDF på stadsnamn-sida – nyttig for alle som vil forstå korleis staden har utvikla seg.

Skulehistorie

Foldrøy skule har ei lang historie. Karl Bjørkelund skreiv om skulen fram til 1989 – dokumentet finn du på historiesida.

Me jobbar med å utvide museumstilbodet på Foldrøy. Følg med her for oppdateringar!

Les om Foldrøy si historie → · Sjå stadsnamn →