Foldrøydagen
Foldrøydagen 2026
Neste Foldrøydagen er laurdag 19. september 2026.
Marknad og aktivitetar: kl. 11:00–15:00
Foldrøyfest: kl. 19:00–02:00 (kr 300 – jukebox-aften, bar og dans). NB: 20 års aldersgrense.
Laurdag 19. september kl. 11–15 ønskjer me velkomen til ein innhaldsrik dag på Foldrøy, med marknad og kjekke aktivitetar for både store og små.
Det vert eit variert marknadstilbod med både nytt og brukt, spanande kunstutstillingar, foredrag om Silkevegen og aktivitetar som olabilkøyring, hoppeslott, ansiktsmåling – og mykje meir!
Du finn òg fleire salsboder med forskjellige sortar mat og drikke 😋 Her gjer de lurt i å komma sulten! 😊
Foldrøyfest
På kvelden blir det Foldrøyfest! (NB: 20 års aldersgrense)
Det vert jukebox-aften, der ein kan vere med å bestemme kveldens speleliste. Det vert sal av drikke, snacks og nattmat i baren.
19:00 – Dørene opnar
20:20 – Jukebox med Tom Wagtsjold
23:00 – Musikk og dans (for dei som vil)
02:00 – På tide å gå vidare!
Kontaktinformasjon
Mobil: 976 19 142
E-post: dagen@foldroy.no
Foldrøydagen har blitt ein årleg tradisjon i bygda. Den vart arrangert for fyrste gong i 2023.
Følg «Foldrøydagen» på Facebook for å få opp arrangementa i åra som kjem.
Tilbakeblikk: Foldrøydagen 2025
Foldrøydagen 2025 vart arrangert den 27. september 2025. I strålande solskinn kunne dei mange besøkande nyta Foldrøy på sitt flottaste. Dagen baud på marknad med nytt og brukt, god mat og drikke, lokalhistorisk føredrag om utvandringa til Amerika (Roald Sjursen), kunstutstillingar, og aktivitetar som: svært hoppeslott, ansiktsmaling, luftgevær, orienteringsløype og olabilkøyring. Det var noko for alle!
På kvelden var det tradisjon tru fest for dei over 18 år. Knallkjekt!
Foldrøydagen er eit samarbeidsprosjekt mellom Foldrøy aktivitetspark, Foldrøy grendautval og idrettslag, arrangementskomiteen i bygda, Foldrøy kvinne- og familielag, Foldrøy speidarklubb, Foldrøy Montessori og fleire engasjerte Foldrøybuar.
Tilbakeblikk: Foldrøydagen 2024
Foldrøydagen 2024 gjekk av stabelen 21. september. Dagen starta i tjukk tåke, men med fin temperatur og lite vind. Ut over dagen kom sola gjennom, og det var ein aldeles nydeleg dag på Foldrøy.
På programmet var det marknad med nytt, brukt og heimelaga, lokalhistorisk føredrag med Jan Willy Folgerø-Holm, olabil-løp, to hoppeslott, fotogalleri ved Helge Ingvaldsen, bileteframsyning av Toralv Brekke, orienteringsløp, luftgeværskyting, ansiktsmaling, lesestund for dei små, speidargrilling, thai-mat, kafe, Spissøy bakeri, lydlodd og loddbok, slushmaskin og mykje leik og morro.
På kvelden var det bygdefest med livemusikk av Tommy Holme, dans og quiz.
Foredrag frå Foldrøydagen 2024:
Jan Willy Folgerø-Holm: «Hermetikkfabrikkane på Foldrøy» – sjå på YouTube
Tilbakeblikk: Foldrøydagen 2023
Foldrøydagen vart for fyrste gong arrangert i september 2023. Då hadde me marknad med nytt og brukt, kafé, lesestund for dei små, petanque-opplæring og spel, hesteridning, hoppeslott, ansiktsmaling, luftgevær-konkurranse, lokalhistoriske føredrag og bygdafest med livemusikk på kvelden. Oppmøte var fantastisk!
Foredrag frå Foldrøydagen 2023:
Sissel Margrethe Høisæter: «Historia på Foldrøyhamn» – sjå på YouTube
Jan Willy Folgerø-Holm: «Foldrøyhamn og Foldrøy» – sjå på YouTube