Foldrøy Montessoriskule

Foldrøy Montessoriskule og skulebygget

Ein stad for nyfikne born og store draumar. Foldrøy Montessoriskule blir ein stad der born får lære, utforske og vekse i sitt eige tempo, med trygge vaksne som vegleiarar.

Skulen opnar tidlegast hausten 2028

Søknad om godkjenning er sendt til Utdanningsdirektoratet. Rektor og lærarar er allereie i gang med Montessori-utdanning, slik at me kan gje borna eit solid og inspirerande læringsmiljø frå fyrste skuledag.

Om skulen

Me har søkt om godkjenning for inntil 50 elevar frå 1.–7. trinn. Skulen blir organisert som ein to-delt montessoriskule, der born lærer saman på tvers av alderstrinn.

På Foldrøy ligg skulebygget med sjøutsikt frå alle klasserom – ein stad der natur, meistring og fellesskap går hand i hand.

Skulebygget vil innehalde

Kvifor velje Foldrøy Montessoriskule?

Foldrøy Montessoriskule gir born tid, rom og ro til å fordjupe seg, utforske og lære på eigne premiss.

Skulekvardagen vår

Foldrøy Montessoriskule vil vere ein leksefri skule. Elevane skal få gjort arbeidet sitt i løpet av skuledagen, i trygge og strukturert tilrettelagde økter.

Ein vanleg dag kan sjå slik ut

(dette er ikkje fastsett enda)

NB! Fredag er elevane ferdige kl. 13.00, og det er kortare utetid denne dagen.

Om Montessori

Montessori-undervisning

Montessoripedagogikken er ein internasjonalt anerkjend pedagogisk retning utvikla av den italienske legen og pedagogen Maria Montessori (1870–1952). Ho baserte metoden sin på grundige observasjonar av barn og ei overtyding om at alle barn har ein naturleg trong til å lære.

Hovudprinsipp i Montessoripedagogikken

Korleis skil Montessori seg frå meir tradisjonell undervisning?

Montessoriskular bruker dei same læreplanane og dekker dei same faga som andre skular, men metodane er annleis.

Tradisjonell skule

Montessoriskule

Forskning og Montessori

Det finst ei rekke studiar som støttar nytteverdien av Montessoripedagogikk, mellom anna med omsyn til konsentrasjon og fordjuping, sosial kompetanse og empati, sjølvstende og ansvarskjensle, og indre motivasjon og livslang lærelyst.

Samtidig peikar forskarar på at kvaliteten på tilrettelegging og gjennomføring er avgjerande – noko me i Foldrøy Montessoriskule tek på alvor.

Montessori i Noreg

Montessoripedagogikken er godkjend som alternativ pedagogisk retning etter privatskulelova. Det finst no over 80 Montessoriskular i Noreg, og fleire barnehagar. Desse er knytt saman gjennom Montessoriforbundet, som også godkjenner planverk og tilbyr rettleiing.

Kven står bak

Foldrøy Montessoriskule AS er etablert av Foldrøy Grendautval, med mål om å vidareføre skuletradisjonen i bygda gjennom eit framtidsretta tilbod for born og familiar på Bømlo og omegn.

Styret i Foldrøy Montessoriskule

Styret består av

Styret representerer brei erfaring frå ulike felt som organisasjonsarbeid, administrasjon, samfunnsutvikling og arbeid med born og unge. Målet vårt er å etablere ein skule som er solid forankra i lokalsamfunnet og som gir elevane eit inspirerande og tilrettelagt læringsmiljø.

Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Skulen sine dokument

På denne sida finn du viktige dokument som fortel meir om korleis skulen vår er organisert, og kva som gjeld for elevar og føresette.

Spørsmål og svar

Når kan ein søkje plass?

Det er ikkje mogleg å søkje skuleplass før Foldrøy Montessoriskule har fått endeleg godkjenning frå Utdanningsdirektoratet. Oppstart er tidlegast hausten 2028. Så snart skulen er godkjend, vil me opne for søknad. Sjå inntaksreglement for korleis me prioriterer søknadar.

Kan ein vise interesse no?

Ja! Me vil gjerne komme i kontakt med føresette som vurderer Foldrøy Montessoriskule for barnet sitt. Ta kontakt dersom du har spørsmål – det forpliktar ikkje til søknad, men hjelper oss å få oversikt over interessa.

Kva kostar det å gå på Foldrøy Montessoriskule?

Foldrøy Montessoriskule vil vere ein gratis grunnskule for elevane. Som friskule får skulen offentleg tilskot og driv ikkje med skulepengar. Me ser føre oss ein gitt sum til mat per månad, frukt og drikke per månad (elevane får og lagar lunsj sjølv på skulen).

Er det krav om at barnet må ha gått i Montessori-barnehage?

Nei, absolutt ikkje. Alle born er velkomne, uavhengig av kva barnehagetilbod dei har hatt. Dei første vekene vil me bruke god tid på å bli kjende og introdusere elevane for metodane og rytmen i kvardagen.

Korleis er skulen organisert?

Foldrøy Montessoriskule vil vere ein to-delt montessoriskule. Elevar frå ulike årssteg blir organiserte i større aldersblanda grupper – til dømes 1.–4. og 5.–7. klasse samla. Dette gir barna høve til å lære med og av kvarandre.

Kva skil Foldrøy Montessoriskule frå ein vanleg grunnskule?

Hovudskilnaden ligg i pedagogikken og organiseringa. Me legg stor vekt på at borna får arbeide i sitt eige tempo, at arbeidsøktene er lange og uforstyrra, at born får utforske praktiske og teoretiske emne side om side, og at læraren er ein vegleiar – ikkje ein som står framme og underviser heile gruppa. Samstundes følgjer me krav i læreplanverket og gir ei fullverdig grunnskuleutdanning.

Har de lekser?

Nei. Foldrøy Montessoriskule vil vere ein leksefri skule. Me ønskjer at ettermiddagane skal vere frie til kvile, leik og familietid.

Har de SFO?

Dette er ikkje avklart enno. Me informerer når det blir klart.

Korleis vert det med skuleskyss?

Elevar ved privatskuler har same rett til skuleskyss som ved offentleg skule.

Kontakt

E-post: skule@foldroy.no

Mobil: 92 85 34 79

Postadresse:
Foldrøy Montessoriskule
c/o Roy Arne Fylkesnes
Hamnavegen 88
5428 Foldrøyhamn

Org.nr. 934817443