Stadsnamn på Foldrøy

Foldrøyhamn

For ca. 30 år sidan var det ein del personar på Bremnes som samla inn og registrerte stadsnamn i forskjellige bygder rundt om i gamle Bremnes kommune. Informasjonen vart manuelt registrert på gamle økonomiske kommunekart og på handskrivne lister. Dette blei så levert til kulturkontoret i kommunen og har sidan den gong lege i nokre skuffer.

Dette er no teke fram att og fleire personar har starta med å registrere materialet elektronisk. Det er Bremnes Sogelag som eig prosjektet, og Terje Anthun har teke på seg arbeidet med å samle inn og registrere namn for Foldrøy-området.

Under finn du åtte PDF-ar som inneheld informasjon om stadsnamn på Foldrøy:

  1. Informasjon om arbeidet med stadsnamninnhenting
  2. Kart Foldrøy
  3. Liste Foldrøy
  4. Kart Holmen
  5. Kart rundt Holmen
  6. Liste Holmen
  7. Baståsen
  8. Kompassrosa på Høgestølen

Desse PDF-ene krev ein PDF-lesar for å opnast.